Publisert i avisa Sør Trøndelag, mars 2000.
Nordmannskap i ein havregraut
Sjølv om innbyggjartalet på Å ikkje når 400, betyr ikkje det at dei ikkje kan fylle eit samfunnshus. For på fredag laut dei opne opp glasa allereie før underhaldninga byrja.
Meldal Historielag sto for arrangementet av kulturkvelden, som vart opna med det kjende spelet ’Grauten på Grut’. Tidsbiletet var tilrettelagt av Ola Uvøyen, som òg hadde rolla som forteljar. ’Gammelkarainn’ sto for dei musikalske innslaga.
Det var eit besøk på garden Nordstuggu og Grut som har vorte historie som del av Aasmund Olavson Vinje si bok ’Ferdaminne frå sommaren 1860’. Lars Jordet gjorde ein staut figur som Vinje, som kjem gangande frå Rennebu ein dag i onnetida. Han er trøtt og svolten, og får høyre at på Grut er det råd for begge deler.
Gardskjerringa Inber, i Magni Ree Furseths skikkelse, tykkjer det er synd å by framandkaren på dugurdsmat, men Vinje vil ikkje være kleinare enn att han et havregrauten: ”Lat meg berre få god mjølk åt denne dugurdsgrauten, du!”
Seinare fortel han ein bonde han treff, spela av Ole Hoel, om opplevinga: ”Det var som det skar i meg av all nytinga! Eg forsto ikkje all denne nordmannskapen før et åt grauten på Grut.”
Dugurdskost vart òg servert til heile samfunnshuset. Johanna Rikstad, Astrid Fossmo og Berit Hoel hadde teke på seg oppdrage å koke grauten, 85 liter til saman. ”Grauten er slik som han var på Grut, laga av havremjøl, vatn og salt,” seier Berit.
Denne grauten var nok betre enn han som vart servert på Grut, for det var ikkje store fatet att til slutt. For enkelte av publikum var det fyrste gongen dei fekk servert slik kost, og formannen i historielaget, Erik Steien, vart overraska: ”Eg trudde ikkje han skulle vere så god, nei!”