Eit tuntre med sjel

Publisert i avisa Sør Trøndelag, august 1999.

Eit tuntre med sjel
Det var ein gong ein mann som heitte Sivert, som ville ut i verda og prøve lukka. Så drog han til ei ny verd dei kalla Amerika, der han rydda seg ein gard. Nokre år seinare kom han attende for å besøke gamlelandet, og der planta han ei rogn. Dette skjedde for hundre år sia.

Sivert Pederson Ree kom frå Nordstuggu Re i Meldal. I dag bur det ei anna grein av familien Ree der, og det er ’kårrkallen’ Per Ree som har historiene.

”Han Sivert var fødd i året 1840 og var yngst av fem sysken. Det var omkring 1870 at han utvandra til Amerika, og der la han grunnlaget for ein farm som etterfølgjarane hans driv enno. I 1899 gjesta Sivert fedrelandet, og da planta han ein rognpil innom hagestaketet.” Per og eg sit på trappa framom gardshuset. Han let att augo for å hugse.

Men rognpilen fekk ikkje stå i fred. Året etter han vart planta var det ein hest som retta seg over staketet og beit av treet. Derfor voks det opp seks greiner i standen for ein tjukk stamme. Det var først seinare at rogna vart eit tuntre, for da ho vart planta sto husa ved vegen og hagen låg attom, ikkje omvendt slik som i dag. Så når dei flytta huset og hagen vart rogna ståande midt på gardsplassen og vart eit tuntre. Per fortel at treet har tåla vind og vêr, men er prega av alderen sin.

”Ser du oppi toppen der? Der er det ei tørrgrein som ragar to-tre meter oppom dei andre. Eg kallar ho for minnet om Sivert, og derfor vil eg ikkje skjere ho ned,” seier Per. ”Rogna har blomstra kraftig i år, og ho bruker å vere raud av bær. Gamlefolket bruka å seie at det var eit teikn på mykje snø.”

Ho har ei kraftig rot som breier seg utover heile gardsplassen, rogna. Det er ein seigliva hundreåring vi har.

About these ads